Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt og flott vårmagasin i postkassen onsdag

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. mai 2024

Onsdag eller torsdag går det nye vårmagasinet i postkassane i eit større opplag enn nokon gong. Stig Husby i Amfi Kreativ fortel av dette er ei storsatsing, og rundt 15.000 eksemplar blir distribuert. Nytt i år er at Oppdal og Rennebu er med – elles er Sunndal, Nesset, Tingvoll, Smøla, Tustna, Heim, Orkland og sjølvsagt Rindal og Surnadal.  -Vi føler at vi treng å vise fram no, fordi at det er veldig mykje på gang her på heimebane – ikkje minst for å presentere eit omfattande program for «Midtsommar i Surnadal». Magasinet brukar heile 52 sider på å presentere næringslivet og folk i farta, så her må alle finne noko som interesserer.

Les heile saka

Ekspert på gode råd til sjølvhjelp

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. mai 2024

Einy Rendal Elgsæther var skeptisk da ho såg at Surnadal kommune skulle kome rundt til dei eldre i kommunen på heimebesøk.  Ho var redd det var eit tilsyn, som kunne kome med pålegg om både det eine og det andre. Var eigentleg litt redd for å få kritikk for manglande tiltak. Svindelforsøk var også i tankane til Einy, men der tok ho grundig feil.

Les heile saka

Måndagstrimmen på sykkel

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. mai 2024

Kvar måndagskveld er det trim for denne gjengen – vinters tid skjer det på «Hett & Svett» eller på Tjønnmyran, men på slike fine kveldar som i går kveld så tek dei sykkelen og langdevegen fatt. I går kveld gjekk turen først rundt bygda om Bruset, og så vidare utover strandavegen til rasteplassen.  Tilsammen rund 20 km totalt – og passeleg kveldstrim.

Les heile saka


Tradisjonell brannøving utan eld…

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. mai 2024

Måndag kveld hadde brannlaget i Todalen brannøving med funksjonstest på utstyret.  Det har etter kvart vorte tradisjon at brannlaget i Todalen kombinerer vårens brannøving med å spyle og reingjere plassen mellom fabrikken og butikken til 17. mai.  Det er faktisk viktig at utstyret virkar når det verkeleg gjelder, og det vart testa ut måndag kveld.

Les heile saka

Bli med og gå med oss til Skeisnebba

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. mai 2024

Surnadal Demensforening og Helselag minner om turen sammen med treffast-gjengen:  Onsdag 15.mai går vi til Treffasthytta. Den ligger et lite stykke opp i Skeisnebba. Oppmøte ved Frivilligsentralen kl 12, så kjører vi samlet.  Ta med nistepakke. Fint å spise lunsj ute i finværet, med den flotte utsikten.

Les heile saka

Søndagskafe i Slettneset søndag 19. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 14. mai 2024

Søndag 19. mai, første pinsedag frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Slettneset steinovnsbakeri til open kafe i Slettneset. Vêrmeldingane er for søndagen, er førebels ganske bra med grei temperatur, så da blir det mogleg å ta føre- eller ettermiddagskaffen i slettneset første pinsedag. 

Les heile saka

3-retters nasjonaldag på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Måndag 13. mai 2024

Det har etter kvart vorte ein tradisjon med open dag og servering på Todalshytta på 17. mai.  Grunnlovsdagen nærmar seg fort, og på Todalshytta har dei alt plana klar med ein 3-retters meny som er designa for 17.-mai, seier Arve Evensen til Todalen.no.  

Les heile saka


Ryddedugnad, men liten fangst!

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. mai 2024

I kveld hadde Todalen bøgdalag inviterte til ryddedugnad for å rydde vegkantane til Nasjonaldagsfeiringa. Ti personar møtte opp for å vere med. Det vart delt opp fire ryddelag som rydda alle vegkantane på kvar si side, frå Bordholmen stadion og opp til gammelfabrikken i Brusetmarka, inkludert Pilskarvegen

Les heile saka

Åpent infomøte med Surnadal pensjonistlag

Jon Olav Ørsal Måndag 13. mai 2024

Surnadal Pensjonistlag inviterer til åpent møte i kantina på Surnadal sjukeheim den 22. mai kl 15:00.  Her vil Pål Ranes informere oss om planene for Helsehus, og han vil også informere om hvor langt arbeidet er kommet med dataopplæring av eldre.

Les heile saka

SJFF: Inviterer til blodsporkurs

Jon Olav Ørsal Måndag 13. mai 2024

I juni starter Surnadal jeger- og fiskerforening med nybegynnerkurs for ettersøkshunder. Kurset går over to kvelder, og er åpent både for medlemmer og ikke-medlemmer som ønsker å delta. Bla videre og les mer om påmelding og oppmøte:

Les heile saka